Nytt magasin Bykle2020

Ei ny utgåve av magasinet Bykle2020 er no sendt ut til alle husstander i kommunen. Hovudfokus i dette nummeret er unge etablerarar i kommunen.


Historiane i magasinet vitnar om optimisme og framtidstru, det er mange som ønskjer å få til noko i heimkommunen sin. Magasinet har òg med nokre artiklar om unge som ikkje har vakse opp her, men likevel vel å busetje seg i Bykle.



Tor Hallvard Mosdøl er ein av dei du kan lese om i magasinet. Han har planar om å starte opp med produksjon og sal av sauekjøt.


Du kan laste ned ei utgåve av det nye magasinet her.