Møte med "hyttebyklarar"

Undervegs i arbeidet med kommuneplanen har det vore gjennomført møter med frivillige lag og organisasjonar, kommuneadministrasjon, tilsette innan helse- og sosialsektoren, tilsette ved skular og barnehagar, ungdom og representantar frå næringslivet i kommunen. Ei anna gruppe me var interesserte i å få innspel frå var ”hyttebyklarar” – dei som brukar mykje av tida si i fritidsbustader i kommunen vår.



29. mai 2006 hadde me møte med nokre inviterte ressurspersonar som har fritidsbustad på Hovden. Dei som deltok var Jan Roger Olsen, Tine Sundtoft, Jon Bjørgum, Marianne Sigurdson Lyngvi, Tore G. Drivenes, Ragnar Ø. Olsen, Janne Ringøen og Dag Otto Lauritzen. Frå Bykle møtte ordførar Kay A. Jeiskelid og rådmann Tallak Hoslemo, samt Kjell Pedersen-Rise og Ingvild Hovden frå Bykle og Hovden Vekst AS.

 

Det er beslutta at eit viktig fokus i kommuneplanen skal vere næringsutvikling, og me bad derfor spesielt om innspel på dette området. Det var ein engasjert gjeng som møtte, og me fekk mange gode råd med oss på vegen vidare. I løpet av diskusjonen var me innom tema som helse og rekreasjon, kompetanse og utdanning, identitet og merkevarebygging, samt infrastruktur og aktivitetar. Innspela vert tatt med i det vidare arbeidet, saman med innspel me har fått frå dei andre gruppene.