Møte med fylkeskommunen og Fylkesmannen


14. juni hadde representantar frå Bykle kommune og Bykle og Hovden Vekst AS møte med Fylkesmannen og fylkeskommunen på fylkeshuset i Arendal. Hovedtema for møtet var deira høyringsuttaler til planprogrammet og diskusjon i høve til arealdisponeringar og kommuneplanlegging generelt.


Frå kommunen si side er det ønskjeleg å halde ein dialog med desse instansane undervegs, for å kvalitetssikre ein del prosessar og å kome fram til ein plan alle kan vere nøgde med.

 

Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen peikar spesielt på tre moment då det gjeld utvikling i Bykle. I samband med kommunens satsing på auke i folketalet oppmodar dei til å sjå på strategiar for å fange opp familiar som ønskjer å busette seg på eventuelle tilgjengelige gardsbruk, men som vil hente inntekter frå anna verksemd enn tradisjonelt landbruk. Dei oppmodar òg til satsing på alternativ næringsutvikling med grunnlag i kommunen sine store utmarksressursar. Satsing på gardsturisme på Bjåen og lokal matforedling i Bykle vert trekt fram som gode historiar. Landbruksavdelinga peikar elles på eit latent konfliktområde mellom tradisjonelt sauebeite og hyttebygging, og viser til at sauebeiting er viktig i høve til å halde kulturlandskapet i hevd.

 

Miljøvernavdelinga peika på omsynet til biologisk mangfald, og at kartlegging av viktige naturtypar skal ligge til grunn for arealdisponeringar i kommuneplanen. At Bykle er viktig som leveområde for den sørlegaste villreinstamma i Europa er eit sentralt fokus frå miljøvernavdelinga, og det vart diskutert utfordringar dette gjev for ein reiselivskommune. Då det gjeld nye fritidsbustader viser dei til miljøverndepartementet sin rettleiar for planlegging av fritidsbustader. Dei viser til at moglegheiter for utviding rundt Hovden er svært begrensa av verneområder og omsyn til villreinen, og meiner at fornying og fortetting av eksisterande byggjeområde utgjer det største utviklingspotensialet.

 

Fylkeskommunen oppmodar til å legge fylkesplanen til grunn for kommuneplanlegginga. Dei meiner satsingsområder som er skissert i planprogrammet er i tråd med satsingsområde som vert vektlagt i fylkesplanen. Dei viser at ein bør vurdere folkehelsearbeid som eit sentralt satsingsområde, og at dette som eit sektorovergripande arbeid bør forankrast i kommuneplanen. Fylkeskommunen støttar prinsippet om fortetting som grunnlag for vidare utvikling av fritidsbustader, men minner om at òg i eksisterande byggeområder vil det vere behov for arkeologiske undersøkingar før tiltak kan godkjennast. Kommunen har signalisert at ein ønskjer å kartleggje interessante områder med fornminner, med tanke på å kunne sette av eit større område, og kanskje kunne frigjere andre områder. Fylkeskommunen signaliserer at dette er interessant og frå deira synsvinkel. Dei støttar initiativet til å nytte fornminner som ein ressurs for stadsidentitet og i reiselivssamanheng.

 

I høve til næringsetableringar og område for dette legg fylkeskommunen vekt på at det estetiske uttrykket bør vektleggjast for å skape trivsel. I møtet peikar dei elles på viktigheten av å kunne tilby attraktive bustadtomter for å stimulere til auke i folketalet. Nedgang i registrerte kommersielle gjestedøgn vert trekt fram, og det vert hevda at Bykle står overfor betydelige utfordringar med tanke på å tilretteleggje infrasturktur for ei ny ferie/ fritidsform.