Fokusområder og visjon

Styringsgruppa for kommuneplanarbeidet hadde møte 20. juni 2006 for å drøfte samfunnsdelen av kommuneplanen.


Erik Dale frå Dale+Bang køyrde idèdugnad, og fekk i gong ein god diskusjon. Til grunn for møtet låg alle innspel som er samla inn gjennom dialogmøter der store delar av befolkninga i Bykle har deltatt.

 

Deltakarane fekk utdelt samandrag med fokusområde og visjonar henta frå kommuneplanar i nabokommunar og andre reiselivskommunar. Det kom fram at mykje er likt, og dermed blir litt kjedelig. Gruppa er einige om at me ønskjer å få til ein spennande kommuneplan som vert lest med interesse av forskjellige grupper. Kanskje må ein tørre å spisse fokusområde og målgrupper, og ikkje nemne alt som allereie fungerer godt og kan oppfattast som sjølvsagt.

 

Gruppa diskuterte ein del konkrete fokusområde, og kom med forslag til visjonar. Stikkord som optimisme, moglegheiter, vilje og utvikling var felles for det som vart drøfta som visjon. Erik Dale hadde òg forslag til visjon for kommuneplanen, og ut frå det som kom fram i møtet vil me jobbe fram konkrete forslag til fokusområde og visjon, som styringsgruppa seinare skal ta stilling til. Mange var inne på at unge etablererar bør vere eit viktig fokus i det vidare arbeidet, samstundes som ein må legge til rette for tiltak som stimulerer til trivsel for alle som bur i kommunen.

 

Biletet som er sett inn her har ikkje noko konkret med kommuneplanen å gjere. Det viser Magnus Tveiten og Trym Bjønnes på spilleoppdrag på Hovden. Dei representerer nokre av mange dyktige og kreative ungdomar i kommunen, og etter at unge er vurdert som ei viktig målgruppe i dette arbeidet synest me det passar å vise dei fram her!

 

12. september vert det folkemøter i Bykle og på Hovden. Me vil då presentere det styringsgruppa har kome fram til i samband med samfunnsdelen, og det er mogleg å kome med innspel.