Informasjonsmøter Bykle2020

12. september vert det informasjonsmøter om arbeidet med kommuneplanen i Bykle og på Hovden.


Me har kome eit godt stykke med samfunnsdelen av kommuneplanen, og jobbar aktivt med arealdelen. Me ønskjer no å presentere dette for innbyggjarane i kommunen.

Erik Dale, frå Dale+Bang kommunikasjon, har hatt dialogmøter med rundt 200 av innbyggjarane i kommunen. Han vil leie møtene denne kvelden. Det vert møter i Bykle og på Hovden same dagen:

Bykle
Samfunnshuset tirsdag 12. september kl 17.00 - 19.00

Hovden
Grendehuset tirsdag 12. september kl. 20.00 - 22.00

Me håpar mange møter fram!

Velkomen!