Heimte 2006

27. desember var det igjen klart for den årlige Heimtefesten i Bykle. Om lag 60 unge var samla på Skikroa på Hovden skisenter. Kvelden starta med ein fartsfylt aketur i regi av Hovden Aktiv, for dei som ønskte det. Programmet innandørs var det i stor grad dei unge sjølv som stod for. Meir om dette, samt bilete, finn du her.


 

Gyri Bjåen (23) snakka om det å flytte heim og å starte for seg sjølv. Ho er i ferd med siste året på utdanninga som faglærar i kunst og handverk i Oslo, og vil til våren flytte heim att og gjere virkeligheit av draumen om å starte noko eige. Ho fortalte om det skumle steget å fortelle om planane til andre, og om gleda av å oppleve støtte frå familie og vener, og hjelp frå Innovasjon Norge og Bykle og Hovden Vekst AS. Til sommaren opnar ho kaffebar ”med noko attåt” i nye Hovdetun på Hovden. Ho la vekt på at ho vil skape eit tilbud for innbyggarane i kommunen, og i tillegg til kaffe og noko å bite i vil ho legge vekt på kunst og kultur. Ho oppmoda alle som har ein liten ”gründer” i magen om å gjere noko med det, og ta kontakt med tiltaksapparatet for å kome vidare.

 

Beate Brøvig (31) er innbyggar nummer 898 i Bykle kommune. Ho arbeider som lærar ved dei vidaregåande skulane på Hovden og Hornnes. Ho snakka om det å flytte til kommunen, utan å ha familie eller anna tilknytting her. Ho viste gjennom ein bildeserie kva som gjer at ho trivest så godt på Hovden. Nokre tema var ein god arbeidsplass, kvardagslivet, gode vener, sosiale sammenkomstar, treningstilbud og den fine naturen.

 

Thor Henrik Bruun (22) og Thomas Moen (22) er to av hjernene bak nettsida badass.no. Denne nettsida er blitt ein populær ”møtestad” for unge, både dei som bur i Bykle og andre. Dei fortalte om korleis sida er utvikla, og antal besøkande som er i kraftig vekst. Dei fem hovudpersonane bak nettsida er spreidd rundt i landet, og ein i Danmark, men gjennom sida held dei kontakten, og Hovden er base og møteplass. Dei har òg starta med BadassTV, der dei filmar og legg ut klipp frå ulike ”sprell” dei finn på. Dei viste nokre av desse klippa for deltakarane på Heimte.

 

Elles denne kvelden var det pizza og sosialt samvere. Kommunen trur det er viktig med ein arena der dei unge kan treffest. I jula er det mange som er heime på ferie. Både dei som bur heime og dei som bur andre plassar får treffe kvarandre, og mimre og utveksle erfaringar. Kanskje kan ein gjennom å fortele om det bra som skjer her lokke fleire til å flytte heim att. Det at Bykle no har passert 900 innbyggarar teiknar bra for framtida!



Aketuren var populær!


Jimmi Michelsen, Tommy Vatslid, Jørgen Kringen Johnsen og Nicole Væting


Sandra Næss, Kaja Holmeide Blattmann og Daniel Schaanning


Tor Hallvard Mosdøl og Irene Christensen


Thor Henrik Bruun fortel om badass.no


Gunn Åse Lidtveit og Anne Gjerden