Framlegg til kommuneplan 2006 - 2018

Framlegg til kommuneplan for Bykle 2006 - 2018 låg ute til høyring fram til 21. februar 2007. Det er kome inn om lag 30 høyringsuttaler til planen. Du kan framleis sjå utkasta her.


Fristen for å kome med innspel til kommuneplanen har no gått ut, men ein kan framleis gå inn på dokumenta under for å sjå utkast til kommuneplan. Det vil no verte planfagleg handsaming av dei innkomne uttalene, før det vert 2. gongs handsaming av kommuneplanen.


Samfunnsdelen

Arealdelen - tekst

Arealdelen - kart 

Temakart - natur


Temakart - kraft

Kommunestyret vedtok igongsetting av kommuneplanarbeidet i møte 27.01.05, og det vart bestemt at prosjektleiinga skulle leggast til Bykle og Hovden Vekst AS. Det vart så gjennomført eit oppstartsseminar med politikarar, delar av kommuneadministrasjonen og styret i Bykle og Hovden Vekst 01. – 02.03.05. På dette seminaret vart det sett ned ei styringsgruppe med seks politikarar og rådmannen.

 

Planprogram for kommuneplanarbeidet var ute til høyring i mars og april 2006, og vart endelig vedteke i kommunestyret i juni 2006.

 

Styringsgruppa har vore politisk ansvarlige for planarbeidet. Det har vore ein open prosess med stor grad av involvering av innbyggarane i kommunen. Eit planprogram som gjorde rede for formålet med planen, trongen for utgreiingar og opplegg for medvirkning var ute til offentleg ettersyn i april 2006, og vart vedteke i kommunestyret i juni 2006. Det har vore folkemøter i Bykle og på Hovden, samt dialogmøter med forskjellige grupper i kommunen og med fylkeskommunen og Fylkesmannen. Det er gitt ut to informasjonsmagasin i samband med planarbeidet, og informasjon er lagt ut på egne nettsider; www.bykle2020.no.

 

Utkastet til kommuneplan har vore lagt ut til offentleg ettersyn, og ein inviterte innbyggarar, politiske parti, frivillige organisasjonar, nabokommunar, fylkeskommune og statlige organ til å kome med uttaler. Endelig kommuneplanforslag vil bli lagt fram for kommunestyret etter høyringsrunden, og vedtak om arealbruk og føresegner får direkte rettsverknader. Vedtak om mål og retningsliner vil bli lagt til grunn for den kommunale verksemda og utarbeiding av handlingsprogram og årsbudsjett.