"Kokebok for alle" - til alle!

Kommuneplanen er no ferdig trykt, og blir distribuert til alle husstandar i Bykle. Eit viktig fokusområde i kommuneplanen er helse og sunne livsvanar. Kommunestyret har derfor beslutta at ein saman med kommuneplanen skal distribuere "Kokebok for alle", utgjeve av Sosial- og helsedirektoratet. Boka har fokus på å formidle kunnskap om eit sunt og godt kosthald for alle.

Det er sportsklubben og idrettslaget som skal stå for distribusjonen, og me vil oppmode om å nytte nokre av dei fine aktivitetstilboda me har i kommunen, samt kose dykk med god og sunn mat!

Om nokon ikkje har motteke kommuneplanen i løpet av første del av november kan dei gi beskjed til kommunen.